Fag- og sveineprøva

Fag- eller sveineprøve skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over.
Fag- og sveineprøva tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen for VG3 og består av fire delar:

• Planlegging av arbeidet og grunn for valde løysingar.
• Gjennomføring av eit fagleg arbeid.
• Vurdering av eige prøvearbeid.
• Dokumentasjon av eige prøvearbeid.

Dersom lærlingen ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han/ho avleggje ny prøve. Lærebedrifta skal medverka til dette, men er ikkje pliktig til å forlengja lærekontrakten fram til ny prøve. Dersom både lærlingen og bedriften er einige om det, kan læretida forlengjast ved frivillig avtale.
Før lærlingen kan avleggje fag- eller sveineprøve, må han/ho som hovudregel ha bestått alle fag på Vg1 og Vg2. I særlaupsfaga er det ikkje Vg2 i skule. Men dei må likevel dokumentera bestått teori.

Ved fag- og sveineprøvar nyttast karakterane «Bestått meget godt», «Bestått» og «Ikke bestått».


Dette er dei viktigaste punkta:

• Fag-/sveineprøva skal gjennomførast på avtalt tid, samanhengande og utan opphald.
• Prøva med konkrete oppgåver kan ikkje gjerast kjend for kandidaten før prøvestart, altså fyrste prøvedag.
• Førebuingar til prøva, herunder utarbeiding av arbeidsteikningar og skisser, kan ikkje påbegynnast før prøven er igongsatt.