Rettar og plikter som lærlingen har

Lærling er arbeidstakar i bedrifta, med dei rettar og plikter som følgjer av å vera arbeidstakar.

Rettar og plikter framgår av lovverk, tariffavtalar, kontrakter og bedrifta sine interne reglar. Mykje kompetanse vert gradvis innlært gjennom praktisk arbeid, og i rolla som arbeidstakar og kollega. Arbeidsmiljøloven pålegg lærlingen å medverke til eit godt og sikkert arbeidsmiljø, på lik linje med andre arbeidstakarar.
I tillegg fastslår opplæringslova at lærlingen har eit betydeleg ansvar for eiga læring:

• Lærlingen skal bidra til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.
• Lærlingen skal vera med og planleggja, medverka og vurdera framdrifta i opplæringa.
• Lærlingen skal dokumentera eiga opplæring.