Som fagleg leiar har du ein viktig jobb å gjera, du har det formelle ansvaret for at opplæringa blir gitt i høve til opplæringslova med forskrifter.

For at bedrifta skal få best mogleg forståing av lærlingordninga og dei rettar og plikter ein lærekontrakt fører med seg, vedtok Opplærings- og helseutvalet 14 mai 2013 at det skal vere obligatorisk opplæring av faglege leiarar. Det er difor eit krav at fagleg leiar gjennomfører Hordaland Fylkeskommune sitt ein-dagars kurs for instruktørar og faglege leiarar. Dette må skje innan eitt år etter at bedrifta er godkjent som lærebedrift. Kurset er gratis. Meir opplysningar om kursa og påmelding finn du på https://www.hordaland.no/nn-NO/sokeresultat/?q=fagleg+leiar+og+instrukt%C3%B8rkurs&filters=Kalenderhendinger. Her legg dei fortløpande ut nye kurs, og du kan melde deg på det kurset som passar best for deg.

Alle instruktørar er også velkomne til kurset, men kurset er ikkje obligatorisk for desse.

Neste kurs i Nordhordland er på Alver Hotell 11.09.2018.

Meld deg på her: