Kvifor velja yrkesfag?
Kvifor velja yrkesfag?
Behovet for fagarbeidarar er stort i Noreg.
Ein er med andre ord smart om ein vel ei yrkesfagleg utdanning. Folk med yrkesfagleg utdanning vil det alltid vera behov for, og det er stor moglegheit for fast tilsetjing som fagarbeidar etter endt utdanning.
I eit yrkesfagleg utdanningslaup, får du jobbe med praktiske fag. Du kan velja mellom ei rekkje ulike yrke – alt frå helsefagarbeidar til tømrar.
Hovuddelen av yrkesutdanninga i Noreg føl den såkalla 2+2 modellen - 2 år på vidaregåande skule og 2 år som lærling i bedrift.
Døme på andre modellar ein kan følgje er: full opplæring i bedrift eller 1 år på skule og 3 år i bedrift.
Med grunnlag i opplæringslova, så er det ungdomane sjølve som vel kva modell dei vil følgje. Utfordringa kan vera det å få seg ein læreplass. Me på opplæringskontoret gjer alt me kan for å skaffa læreplass til dei som ynskjer det.
Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?
Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet
Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga
Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev
Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen
Godkjenning i om lag 59 ulike fag
Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter