Tilsette

Tilsette

  • Ståle Villanger

    Dagleg leiar

    Tlf.: 992 74 447
    E-post: stale.villanger@oknordhordland.no

    Ståle vart tilsett som ny dagleg leiar i januar 2026. Han er ein positiv og engasjert radværing som er travelt oppteken på mange ulike frontar. Med solid erfaring frå både privat næringsliv og skuleleiing, tek han med seg verdifull kompetanse inn i arbeidet med å vidareutvikla opplæringskontoret. 

  • Tone Kvingedal Øvretveit

    Lærlingekoordinator

    Tlf.: 905 04 056
    E-post: tone@oknordhordland.no

    Tone er ein bauta av ein lærlingkoordinator, som har jobba på opplæringskontoret sidan 2013. Ho er ei sprudlande dame som raskt skapar tillit både hjå lærlingane og i bedriftene. Ho har brei erfaring og solid kunnskap om dei ulike fagutdanningane og utdanningsvegane. Ho har sjølv to fagbrev i frisørfaget. 

  • Tonje Kleiveland Stall

    Lærlingskoordinator

    Tlf.: 480 06 522
    E-post: tonje@oknordhordland.no

    Tonje vart tilsett som lærlingskoordinator i 2024. Tonje har sjølv fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og stortrivst i jobben med å følgja opp ungdom i ulike utdanningsløp. Tonje er positiv, kreativ, idèrik og tar lett på seg jobben som SOME-ansvarleg på kontoret. 

  • Anne Grete Fenne Syslak

    Kontormedarbeidar

    Tlf.: 906 00 064
    E-post: annegrete@oknordhordland.no

    Anne Grete er den blide, kjekke dama du som oftast treff på når du ringer oss på kontoret. Ho tek òg godt imot deg om du stikk innom oss i Galteråsen. Ho har jobba på opplæringskontoret sidan 2016, og har stålkontroll på det meste av system, oversikter tall og økonomi. 

Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?

  • Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet

  • Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga

  • Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev

  • Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen

  • Godkjenning i om lag 59 ulike fag

  • Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter

Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat!

Fyll ut kontaktskjemaet, ring oss direkte eller send ein e-post – me er klare til å hjelpa deg!

Telefon:
56 34 17 30

Send oss ei melding – me kjem raskt tilbake til deg :)