Fagleg leiar

Som fagleg leiar har du ein viktig jobb å gjera, du har det formelle ansvaret for at opplæringa blir gitt i høve til opplæringslova med forskrifter.

For at bedrifta skal få best mogleg forståing av lærlingordninga og dei rettar og plikter ein lærekontrakt fører med seg, vedtok Opplærings- og helseutvalet 14 mai 2013 at det skal vere obligatorisk opplæring av faglege leiarar. Det er difor eit krav at fagleg leiar gjennomfører Vestland Fylkeskommune sitt ein-dagars kurs for instruktørar og faglege leiarar. Dette må skje innan eitt år etter at bedrifta er godkjent som lærebedrift. Kurset er gratis. Meir opplysningar om kursa og påmelding finn du på her.

Her legg dei fortløpande ut nye kurs, og du kan melde deg på det kurset som passar best for deg.

Alle instruktørar er også velkomne til kurset, men kurset er ikkje obligatorisk for desse.

Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?

  • Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet

  • Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga

  • Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev

  • Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen

  • Godkjenning i om lag 59 ulike fag

  • Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter

Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat!

Fyll ut kontaktskjemaet, ring oss direkte eller send ein e-post – me er klare til å hjelpa deg!

Telefon:
56 34 17 30

Send oss ei melding – me kjem raskt tilbake til deg :)