Rettar og plikter

Rettar og plikter som lærlingen har

Lærling er arbeidstakar i bedrifta, med dei rettar og plikter som følgjer av å vera arbeidstakar.Rettar og plikter framgår av lovverk, tariffavtalar, kontrakter og bedrifta sine interne reglar. Mykje kompetanse vert gradvis innlært gjennom praktisk arbeid, og i rolla som arbeidstakar og kollega. Arbeidsmiljøloven pålegg lærlingen å medverke til eit godt og sikkert arbeidsmiljø, på lik linje med andre arbeidstakarar.I tillegg fastslår opplæringslova at lærlingen har eit betydeleg ansvar for eiga læring:

• Lærlingen skal bidra til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø.
• Lærlingen skal vera med og planleggja, medverka og vurdera framdrifta i opplæringa.
• Lærlingen skal dokumentera eiga opplæring.

Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?

  • Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet

  • Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga

  • Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev

  • Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen

  • Godkjenning i om lag 59 ulike fag

  • Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter

Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat!

Fyll ut kontaktskjemaet, ring oss direkte eller send ein e-post – me er klare til å hjelpa deg!

Telefon:
56 34 17 30

Send oss ei melding – me kjem raskt tilbake til deg :)