Korleis skaffa seg læreplass?

Korleis skal ein som elev i vidaregåande skule skaffe seg læreplass? Det er ikkje slik at ein er garantert læreplass når ein vel yrkesfagleg utdanning. Då er det viktig at ein så tidleg som mogleg får ein fot innanfor i ei lærebedrift som har læreplassen du ynskjer deg.

Marknadsfør deg sjølv: 

I faget "Yrkesfagleg  fordjuping" har du høve til å vera ute i ei bedrift. Der får du visa kven du er og kva for haldningar du har. Dersom du har hatt praksis i ei bedrift som er medlem av Opplæringskontoret for Nordhordland, og bedrifta ynskjer å satsa på deg, kan det skrivast intensjonsavtale slik at du er sikra læreplass på eit tidleg tidspunkt.

Bruk arbeidstida godt og vis at dette er noko du vil. 

Vær på jakt etter arbeidsoppgåver når de er ute i yrkesfagleg fordjupning. Ikkje stå med hendene i bukselomma. Ikkje vent på oppgåver.

Annan praksis kan og vera ein fordel med tanke på læreplass.

Søk læreplass gjennom Vigo

Søk på fleire fag. Husk å kryss av for at karakterutskriftane dine skal vera synlege.

Send søknad til Opplæringskontoret for Nordhordland
  
Opplæringskontoret lyser ut ledige læreplassar i februar kvart år. Desse kan du søkja på ved å senda skriftleg søknad til oss og leggja ved eventuell dokumentasjon på praksis.

Send søknaden her

 

Me vidaresender søknader til våre medlemsbedrifter, men nyttar og vigo.no for å sjå etter aktuelle søkjarar. Merk: det er bedrifta som vel ut søkjarar dei får tilsendt frå oss.

 

Kva ser verksemdene etter før dei tilsett lærling?

Fråvær:
Det er ein sjølv som styrer om ein ønskjer eit vitnemål med høgt eller lågt fråvær. Ver merksam på at bedriftene ønskjer kandidatar med lite fråvær.

Kvalifikasjonar:
Du skal minimum ha bestått i alle faga frå Vg1 og Vg2, det vil sei både fellesfaga og programfaga. Som med fråværet, er det du sjølv som styrer innsatsen din i faga og om vitnemålet viser ok resultat.