Me bind saman ungdom og arbeidsliv i Nordhordland
Gode læreplassar, sterk fagopplæring og lokal rekruttering – i samarbeid med over 128 bedrifter.
Me er eit fleirfagleg opplæringskontor med godkjenning i 59 ulike fag og har 128 medlemsbedrifter som satsar på å gje ungdom fagopplæring i sine bedrifter.
Ein samarbeidspartnar for både bedrifter og lærlingar
Vil de sikra dykk framtidig kompetanse og rekruttering?
Me hjelper bedrifter i Nordhordland med alt frå rekruttering av lærlingar til oppfølging gjennom heile læretida. Som medlemsbedrift får de støtte, rettleiing og ein trygg samarbeidspartnar i fagopplæringa.
For bedrifter
Vil du ta utdanning i bedrift og byggja di eiga framtid lokalt?
Me samarbeider med mange ulike bedrifter og fag, og hjelper deg å finna rett læreplass. Du får tett oppfølging gjennom læretida og støtte på vegen mot fagbrev.
For deg som lærling
Viktig informasjon og lenkjer for lærlingar
Søknad om læreplass
Send din søknad, med CV og kompetansebevis, elektronisk via skjemaet vårt under :
Under finn du lenkjer til annonsane våre med oversikt over ledige læreplassar:
Sjå annonsa vår i Strilen med oversikt over læreplassar
Sjå annonsa vår i Nordhordland med oversikt over læreplassar
Lærling og elev-pc
Lærlingar som går rett frå ungdomsskule til opplæring i bedrift kan kjøpe datamaskin gjennom elevpc-ordninga
Digitalt id-kort for lærlingar
Lærlingar og medlemmer i prøvenemdene kan få digitalt id-kort.
👉 Meir informasjon om dette finn du her
Bestill vitnemål og anna dokumentasjon
👉 Her finn du informasjon om dokumentasjon på beståtte prøvar
Utdanning i Nordhordland på Youtube
Få eit innblikk i nokre av dei ulike studietilboda Nordhordland har å by på gjennom filmane våre på YouTube
Aktuelt
Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?
Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet
Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga
Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev
Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen
Godkjenning i om lag 59 ulike fag
Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter