Kva er opplæringskontoret?
Kva er Opplæringskontoret og kva gjer me?
Opplæringskontoret for Nordhordland vart til etter initiativ frå lokale bedrifter, formelt stifta i 1995. Me er eit fleirfagleg opplæringskontor med godkjenning i omlag 55 ulike fag og har 135 medlemsbedrifter som satsar på å gje ungdom fagopplæring i sine bedrifter. Me har oppfølging av ca 250 lærlingar til ei kvar tid.
Å ha lærlingar i bedrifta har vist seg nyttig for alle partar. Bedriftene sikrar framtidig rekruttering av dyktige fagarbeidarar, og læreplassar i lokale bedrifter gjev ungdom mogleik til utdanning lokalt.
Me reiser rundt på skular i Nordhordland for å informera om opplæring i bedrift og for å rekruttera søkjarar til våre medlemsbedrifter. Me stiller på lokale utdanningsmesser, og prøver å nytta alle passande høve til å promotera våre medlemsbedrifter. Kvart år arrangerer me felles utdeling av fagbrev for nye fagarbeidarar.
Om det er ønskjeleg kjem me gjerne på besøk i bedrifta og fortel meir om lærlingeordninga og Opplæringskontoret.
Vårt mål
Vårt mål er å sikra gode læreplassar og relevant fagopplæring for ungdom i Nordhordland, samtidig som me støttar lokale bedrifter i å utvikla kompetanse og tilsette dyktige fagarbeidarar.
Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?
Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet
Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga
Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev
Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen
Godkjenning i om lag 59 ulike fag
Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter