Fag- og sveineprøva
Fag- og sveineprøva
Fag- eller sveineprøve skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Fag- og sveineprøva tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen for VG3 og består av fire delar:
• Planlegging av arbeidet og grunn for valde løysingar.
• Gjennomføring av eit fagleg arbeid.
• Vurdering av eige prøvearbeid.
• Dokumentasjon av eige prøvearbeid.
Dersom lærlingen ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han/ho avleggje ny prøve. Lærebedrifta skal medverka til dette, men er ikkje pliktig til å forlengja lærekontrakten fram til ny prøve. Dersom både lærlingen og bedriften er einige om det, kan læretida forlengjast ved frivillig avtale.
Før lærlingen kan avleggje fag- eller sveineprøve, må han/ho som hovudregel ha bestått alle fag på Vg1 og Vg2. I særlaupsfaga er det ikkje Vg2 i skule. Men dei må likevel dokumentera bestått teori.
Ved fag- og sveineprøvar nyttast karakterane «Bestått meget godt», «Bestått» og «Ikke bestått».
Dette er dei viktigaste punkta:
• Fag-/sveineprøva skal gjennomførast på avtalt tid, samanhengande og utan opphald.
• Prøva med konkrete oppgåver kan ikkje gjerast kjend for kandidaten før prøvestart, altså fyrste prøvedag.
• Førebuingar til prøva, herunder utarbeiding av arbeidsteikningar og skisser, kan ikkje påbegynnast før prøven er igongsatt.
Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?
Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet
Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga
Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev
Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen
Godkjenning i om lag 59 ulike fag
Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter