Kva er opplæringskontoret?

Kva er Opplæringskontoret og kva gjer me?

Opplæringskontoret for Nordhordland vart til etter initiativ frå lokale bedrifter, formelt stifta i 1995. Me er eit fleirfagleg opplæringskontor med godkjenning i omlag 55 ulike fag og har 135 medlemsbedrifter som satsar på å gje ungdom fagopplæring i sine bedrifter. Me har oppfølging av ca 250 lærlingar til ei kvar tid.

Å ha lærlingar i bedrifta har vist seg nyttig for alle partar. Bedriftene sikrar framtidig rekruttering av dyktige fagarbeidarar, og læreplassar i lokale bedrifter gjev ungdom mogleik til utdanning lokalt.

Me reiser rundt på skular i Nordhordland for å informera om opplæring i bedrift og for å rekruttera søkjarar til våre medlemsbedrifter. Me stiller på lokale utdanningsmesser, og prøver å nytta alle passande høve til å promotera våre medlemsbedrifter. Kvart år arrangerer me felles utdeling av fagbrev for nye fagarbeidarar.

Om det er ønskjeleg kjem me gjerne på besøk i bedrifta og fortel meir om lærlingeordninga og Opplæringskontoret.

Vårt mål

Vårt mål er å sikra gode læreplassar og relevant fagopplæring for ungdom i Nordhordland, samtidig som me støttar lokale bedrifter i å utvikla kompetanse og tilsette dyktige fagarbeidarar.

Kvifor velja Opplæringskontoret for Nordhordland?

  • Sterk lokal forankring og godt samarbeid med næringslivet

  • Hjelp med rekruttering og administrasjon av lærlingeordninga

  • Fokus på kvalitet, trivsel og gjennomføring fram til fagbrev

  • Over 30 års erfaring med fagopplæring i regionen

  • Godkjenning i om lag 59 ulike fag

  • Tett oppfølging av både lærlingar og bedrifter

Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat!

Fyll ut kontaktskjemaet, ring oss direkte eller send ein e-post – me er klare til å hjelpa deg!

Telefon:
56 34 17 30

Send oss ei melding – me kjem raskt tilbake til deg :)