Sveinegilde 2026
Fredag 30. januar fekk nye fagarbeidarar i Nordhordland utdelt fag- og sveinebreva sine under årets Sveinegilde på Alver Hotell.
I 2025 var det heile 105 lærlingar som bestod fag-/sveineprøva, og som dermed kunne smykka seg med tittelen fagarbeidarar. Fredag kveld var 54 av dei samla på Alver Hotell, der dei fekk overrekt beviset på at dei har bestått utdanninga, og er klare for arbeidslivet.
Sjølve overrekkinga var det leiar i Yrkesopplæringsnemnda Wenny Irene Hansen som stod for, assistert av dagleg leiar Ståle Villanger. Wenny Irene Hansen var også kveldens festtalar. I tillegg var der flotte kulturelle innslag av Jeremia Wangen og Oline Rosso Stokke frå Alver kulturskule.
Etter utdelinga var det tid for festmiddag og talar. Fylkesordførar Jon Askeland, ordføraren i Masfjorden Kommune Erlend Kvamsdal, ordføraren i Osterøy Kommune Lars Fjeldstad, ordføraren i Austrheim Kommune Morten Sognnes og vara ordføraren i Alver Kommune Nina Bognøy nytta høve til å seie nokre ord til dei nyutdanna fagarbeidarane.